Hopp til innhold

Brann i hogstfelt sløkt

Brannen i eit hogstfelt i Biri Øverbygd i Gjøvik kommune er nå sløkt. Ifølge politiet var det ein bråtebrann som kom ut av kontroll, og spreidde seg til eit hogstfelt. To bilar med mannskap frå Gjøvik brannstasjon og politiet rykka ut til staden.

Innsatsleiar hos brannvesenet i Gjøvik, Jørn Haugen, seier at sløkkearbeidet ikkje var vanskeleg denne gongen.
– Det er framleis ganske fuktig i skogbotnen etter snøen. Men ein skal vere obs på at elden likevel kan spreie seg fort i tørt gras, seier han til NRK.
Haugen ber alle sette seg inn i reglane for bråtebrenning i si eiga kommune. Og alltid sikre området godt med tilgang på vatn, grave grøfter eller ha andre naturlege grenser mot elden.

Brann i hogstfelt på Biri
Foto: Brannvesenet