Hopp til innhold

Fleire møter til avtalt time

Pasientar som ikkje møter til avtalt time, gjer at andre pasientar må vente unødig lenge på å få hjelp. Men dei siste åra har det vore ei betring. For nå møter fleire pasientar til avtalt time i Helse Sør-Øst. Det stadfestar administrerande direktør Terje Rootwelt. Medan det i første kvartal i 2022 var 4,2 prosent av pasientane som ikkje møtte til avtalt time, var det 3,9 prosent første kvartal i år.

Spesielt i Sjukehuset Innlandet har oppmøteprosenten betra seg. I første kvartal i 2022 var det 4,5 prosent som ikkje møtte, medan det i år var 3,6 prosent.

– Meld frå så tidleg som mogleg. Da kan sjukehusa innkalle andre pasientar som treng behandling, seier Rootwelt.

Terje Rootwelt
Foto: Jorunn Hatling / NRK