Hopp til innhold

Bjørn Tore Sørensen innstilt som ny kommunedirektør i Tjeldsund

Bjørn Tore Sørensen er innstilt som ny kommunedirektør i Tjeldsund kommune i Troms, melder avisa Fremover.

Det stadfester ordførar Robin Ridderseth til Harstad Tidende, som først omtalte saka.

Rekrutteringsutvalet skriv at dei etter ei samla vurdering har vurdert Bjørn Tore Sørensne som den best kvalifiserte av kandidatane til stillinga.

Innstillinga blir behandla i eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag 6. mai. Dersom kommunestyret seier ja til innstillinga, altså forslaget, kan partane starte forhandlingar.

Sørensen, som er busett i Tjeldsund, starta i 2020 i jobben som kommunedirektør i Evenes. No kan det altså hende at han byttar jobb.

– Bjørn Tore har vore open med oss gjennom heile prosessen, så dette er ikkje noko vi er uførebudd på, fortel ordførar i Evenes, Terje Bartholsen, til Fremover.

Han legg til:

– For oss vil det vere syns å miste ein veldig dyktig kommunedirektør, men eg har forståing for valet hans om å søke seg til Tjeldsund.