Hopp til innhold

Får beskjed om framtida i ettermiddag

På eit møte med bustyrar klokka to i ettermiddag kjem dei tilsette i Agder-gruppen-konsernet i Sandnes til å få beskjed om kva som skjer vidare. Det opplyser avdelingsleiar Idar Gilje i Sandnes. Det er 14 tilsette på avdelingskontoret i Sandnes. Alle er på jobb i dag, men kva som skjer frå måndag av, er opp til bustyrar å bestemme, seier avdelingsleiar Gilje.
Bostyrer Christian Bohne sa i går til NRK at han jobba på spreng for å få vidareført flest mogeleg av arbeidsplassane.

Idar Gilje, avd.leiar Agder-gruppen, Sandnes
Foto: Agder-gruppen