Hopp til innhold

Helse Fonna med stort underskot i 2023

Helse Fonna fekk 184,1 millionar kroner i minus 2023, ifølge årsmeldinga.

I årsmeldinga kjem det også fram at stadig fleire får behandling på dagtid, ventetida går ned og kvaliteten i Helse Fonna er god.

Styreleiar Petter Steen jr. er svært nøgd med at Helse Fonna har lukkast med å redusere ventetidene og auke talet på pasientar som kan få hjelp gjennom poliklinisk behandling.

– Dette er noko det har vore arbeidd målmedvite med. Det er negativt at det også i 2023 var eit underskot i drifta, men tal frå første kvartal 2024 syner at vi no er på rett veg. Tiltaka som er sette i verk, byrjar å få effekt. Vi må framleis jobba mot eit nullresultat i 2024, slår styreleiaren fast.

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar. Dei gir helsetenester til dei over 180.000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna aukar aktiviteten
Foto: Eirik Dankel