Startar søk etter antatt omkomen i sjø
Politiet avsluttar landssøket etter ein sakna mann i Sandnes kommune klokka 22.30 tysdag kveld.
– Det er bestemt å starta søk etter antatt omkomen i sjø. Dette søket vil planleggast vidare i morgon. Politiet vil parallelt gjennomføre naudsynte etterforskingsskritt, skriv operasjonsleiar Roger Litlatun ved Sør-Vest politidistrikt.
Pårørande er informert.
Ein båt vart funnen drivande i området ved Håbakkhammaren i Høgsfjorden tidlegare i dag. Det er gjort funn i båten som tyder på at det har vore ein person om bord.
Politiet har ikkje lukkast å kome i kontakt med mannen som disponerer båten.