Hopp til innhold

Kajakk har velta på Inderøy – padlar redda seg sjølv i land

Naudetatane rykker ut til ein kajakk som har velta ved Straumen på Inderøy.

– Då brannvesenet kom til staden hadde kajakkpadlaren kome seg i land.

Det seier vaktleiar 110-sentralen Midt, Eivind Schjødt.

Det var ein person som hadde sett at kanopadlaren velta. Så mista vedkommande padlaren av synet og varsla naudetatane.

– Padlaren hadde alt i orden med sikkerheitsutstyr.

– Det heile gjekk udramatisk for seg, legg Schjødt til.