Hopp til innhold

Røykutvikling i bustad i Rissa

Naudetatane rykka ut til røykutvikling i einebustad i Rissa.

– Det skal ha vore brukt ein frityrkokar, som personen prøvde å sløkke med eit pulverapparat.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Øystein Volden.

Personen har kome seg ut frå huset og er avhøyrd av politiet. Det skal vere store materielle skadar i bustaden på grunn av røyken.

Brannmeister Jostein Tangen seier til NRK at situasjonen er under kontroll. Bebuaren la lokk på frityren og brukte eit brannsløkkingsapparat.

– Ein skal ikkje bruke vatn, men legge lokk på frityren og fjerne den frå kjelda, seier Tangen.