Hopp til innhold

Bergen bystyre vedtok å forby utandørs overnatting

Byrådspartia, Bergenslisten, INP og Pensjonistpartiet sikra onsdag fleirtal i Bergen bystyre for dei nye politivedtektene for kommunen. Det inkluderer eit nytt forbod mot overnatting utandørs, noko opposisjonspartia meiner vil ramme fattige tilreisande. Opposjonen krev no lovlegheitskontroll av vedtaket.

Byråd Charlotte Spurkeland (H) meiner forbodet ikkje vil ramme fattige tilreisande, og viser til at Oslo har det same i sine politivedtekter. Ho understrekar overfor NRK at forbodet skal gjelde campingturistar.

Opposisjonsleiar Rune Bakervik (Ap) er derimot rysta over at byrådet kjem med forbod mot overnatting på toppen av at det i 2022 fjerna overnattingstilbod for fattige tilreisande i Bergen.