Hopp til innhold

«Kamelen» mista lappen for aktlaus MC-køyring

Marcus Kabelo Møll Mosele, kjend under artistnavnet Kamelen, mista onsdag kveld førarkortet. Han fortalde dette på Instagram fredag ettermiddag, melder BA.

Politiadvokat Arne Fjellstad i Vest politidistrikt stadfestar dette til BT, og seier det ikkje er mistanke om rus knytt til beslaget.

Politiet vart varsla om påstått aktlaus køyring på motorsykkel. Seinare på kvelden observerte ein polititilsett som hadde fri, det same i området Danmarks plass og Fjøsangerveien.

Mosele samtykka ikkje i beslaget, så saka går til retten. Han har bede advokaten sin, Jørgen Riple, å ikkje kommentera saka.

«Kamelens» førarkort er beslaglagt
Foto: «Kamelens» Insta-post