Hopp til innhold

Arbeidsulukke på konteinarskip i Bergen

Klokka 20.18 fekk politiet melding om at ein tilsett hadde komme i klem ombord på eit konteinerskip som ligg til kai ved Dokkeskjærskaien i Bergen.

Ulukka skal ha skjedd i samband med lasting og lossing av konteinarar.

– Han har komme i klem eller blitt truffe av konteinarar eller utstyr dei bruker. Han er medviten, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Mannen vart frakta til kaien med ein lift frå brannvesenet. Tilstanden er ukjent, men den tilsette er teken hand om av helsepersonell og blir truleg sendt til sjukehus, opplyser Rebnord.

Politiet undersøker no kva som har skjedd.