Hopp til innhold

Austevoll varmast til no i mai

Mai har vore ein kontrastfull månad til no, melder meteorologane. Sør-Noreg har hatt det varmt til no, og fleire fjellstasjonar på Vestlandet og i Trøndelag ligger sju-åtte grader over normalen. Austevoll har med sine 25 grader 2. mai høgast målte temperatur til no.

I nord derimot har fleire stasjonar registrert temperaturar 2-4 grader under normalen. Lågast til no i mai er Hubehytta i Båtsfjord med -13,3 grader.