BA: Mann pågripen for valdtekt i Bergen
Ein mann i 20-åra er sikta for valdtekt på ein utestad i Bergen natt til søndag, melder BA.
Valdtekta skal ha skjedd på toalettet på ein utestad i Bergen sentrum. Den fornærma kvinna er i same alder.
Det var ein vekter på utestaden som ringte politiet. Mannen blei pågripen og sit no i arresten.
Det er ukjent kva relasjon den sikta og fornærma har til kvarandre.
– Dei skal ha kjent til kvarandre, seier politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff til BT.