Hopp til innhold

Brann i terrenget på Fitjar

Klokka 14.17 melde 110-sentralen Sør-Vest om ein brann i terrenget i Årskog-området på Fitjar. Mannskap frå Fitjar brann- og redning og politiet er sendt ut. – Innringar seier det skal vera kraftig røykutvikling i terrenget. Branntilløpet skal vera i nærleiken av ei elv, og det skal ikkje vera spreiingsfare til busetnad, fortel operasjonsleiar Sindre Lotsberg i Sør Vest politidistrikt. Første patruljen er enno ikkje komen fram kl 15.05.