Hopp til innhold

Buss køyrde inn i busskur

Politiet fekk inn ei melding om at ein buss køyrde inn i eit busskur ved Munkebotn. Ei rute i busskuret og ei rute i bussen skal vere knust, ifølgje meldinga.

Politiet har fått kontakt med sjåføren. Inga mistanke om påverking og alle godkjenningar i orden. Ingen personskadar. Føraren er dimittert, og det vert ikkje oppretta sak.