Hopp til innhold

Det blir skjenking i sommar på Torgallmenningen

Bergen kommune bekreftar at det blir uteservering på Torgallmenningen i år også, men perioden er kortare enn i fjor.

Det melder Bergens Tidende.

Det vil vera mogleg å servera frå og med 5. juni til og med 29. juli. Det er éin månad kortare enn i fjor.

Fagleiar for aktive byrom i bymiljøetaten, Ellen-Karin Nordhus, seier dei berre har teke imot éin søknad om leige av plass til uteservering.

– Alle som ligg i området kan søkja, seier ho til avisa.

Uteservering på Torgallmenningen i Bergen
Foto: NRK