Droppar krav om å få tilbake stillinga i reklamebyrået
Susanne Svendsen (35) droppar no kravet om å få tilbake stillinga si i reklamebyrået Apriil, skriv BA.
Arbeidskonflikta mellom Svendsen og det bergensbaserte reklamebyrået dreia seg om ein vanskeleg økonomisk situasjon og usemje om rollefordeling.
I august 2024 vart Svendsen avsett, og ho gjekk då til søksmål mot den tidlegare arbeidsgivaren.
No ønsker ho ikkje lenger jobben tilbake, men vil krevje erstatning for urettmessig avskjed.
– Eg har innsett at verdigrunnlaget som konsernleiinga i Apriil står for er heilt uforsonleg med mitt eige verdigrunnlag, seier Svendsen til BA.
Saka skal gå i Hordaland tingrett 19. august.