Hopp til innhold

Fire bilar i trafikkulykke ved Kaupanger

Fire bilar er involverte i ei trafikkulykke på riksveg 5 ved Kaupanger. Dei involverte er vakne og medvitne, skriv politiet. To av bilane er ikkje farbare og kollisjonsputer vart utløyste. Politiet opplyser at det ser ut til å vere avgrensa personskade og ikkje ei alvorleg ulykke. Bilbergar vil bli rekvirert. Ambulanse er framme på staden og det vil bli stengt og redusert framkomme som følge av arbeidet til naudetatane på staden, opplyser politiet.

Bilete frå Statens vegvesen - ulykkesområde
Foto: Statens vegvesen/webkamera