Hopp til innhold

Har sagt opp jobben som presserådgivar for byrådsleiaren

Rune Indrøy har sagt opp jobben som presserådgjevar for byrådsleiar Christine Meyer.

Bergensavisen meldte om dette først.

– Eg kjem til å sakne utsikta frå toppen av rådhuset i Bergen og veldig mykje anna, skriv han på Facebook og Linkedin.

Han skriv at han frå 1. august byrjar i ny jobb i ei privat bedrift i Bergen.

– Dette var ikkje planen, men klarte ikkje å seie nei då tilbodet dukka opp, skriv han.

Han formidlar vidare at det har vore 15 intense månader i jobben som pressesjef og rådgjevar, og at politikk i Bergen aldri er kjedeleg.

Han avsluttar med å takke byrådet, rådgjevarar og Meyer.

Indrøy sluttar denne veka.

Rune Indrøy og Christine Meyer
Foto: Silje Rognsvåg / NRK