Hopp til innhold

Helikopter kan ikkje lande i snøskredområde

Dei tre som blei tekne av eit snøskred ved Vetle Skagastølstindane sundag ettermiddag er lokaliserte av luftambulansen. Alle tre er medvitne og oppegåande, melder politiet. Det er ikkje råd å lande i området. Dei skredtatte vil difor bli forsøkt heist opp av redningshelikopteret når det kjem til staden. Skadeomfanget er enno ukjent.