Hopp til innhold

Ikea i Bergen blei evakuert etter brannalarm

Ikea i Åsane i Bergen blei evakuert etter ein automatisk brannalarm. Det skal ikkje vere snakk om ein brann, skriv 110-sentralen på X.

– Me rykka ut, kom fram, fann at det var ein manuell meldar det var noko feil med, og det gjorde at ein alarm blei utløyst, seier Shahrooz Lahooti til NRK.

BA skriv det var kaos på møbelkjeda, og det same skriv BT.