Hopp til innhold

Kajakkvelt i Øygarden: Alle tre gjort greie for

Det er no kontroll på alle dei tre kajakkpadlarane, melder politiet kl. 17.30.

Ein større redningsaksjon vart sett i gang då politiet fekk melding om to kajakkar som hadde velta i Hjeltefjorden utanfor Ågotnes i Øygarden.

– Ein av dei er komen på land og har meldt ifrå til naudetatane. Den andre er henta opp av redningshelikopter, seier Tore Fanebust i 110 Vest.

Det har vore tre kajakkar ute, der to av dei har velta, fortel pressevakt ved Hovudredningssentralen.

Skadeomfang er foreløpig ukjent.

Den tredje vart søkt etter i ein og ein halv time før han vart funnen i god behald på land.

– Han hadde padla i land der dei hadde avtalt å treffast, seier Fanebust i 110 Vest.

Både ambulansehelikopter, redningshelikopter, politibåt, ambulansebåt, redningsskøyter og private fartøy var involverte i den omfattande redningsaksjonen.