Sakna person på Stord funnen og i god behald
Personen som var sakna frå eit turfølgje på Stord er komen til rette og er i god behald.
Politiet sette i samråd med Hovedredningssentralen sett i verk ein leiteaksjon på Stord.
Ein mann i 20-åra var komen bort frå turfølget sitt i området Kattnakken, melder Sør-Vest politidistrikt.
Mannen vart observert langs ein veg og ein patrulje kom etter kvart i kontakt med han. Politiet takkar frivillege for hjelpa.