Hopp til innhold

Må undersøke fuglar

Guleslettene Vindkraft i Bremanger/Kinn må framleis undersøke kva påverknad vindkraftverket har på fugletrekket. Det har NVE bestemt. Då vindkraftverket fekk konsesjon i 2017 fekk NVE ansvar for å følgje opp undersøkinga og innføre avbøtande tiltak for eventuelle vesentlege verknader for fugl.

Det vart gjort undersøkingar både i 2021 og 2022. Desse viste at mange fuglar flyg i høgde som gir risiko for kollisjonar. Det er anslått at nær 400 fuglar har døydd.

Dei nye undersøkingane skal gå over minimum tre etterfølgande år, med frist til 2028 for gjennomføring.

– Vidare undersøkingar gjer at også at vi kan komme med meir treffsikre tiltak for å redusere eventuelle negative følgjer, seier Anne Johanne Kråkenes, seksjonssjef for miljøtilsynet i NVE.

Vidareføring av undersøkingane kan gi relevant kunnskap om verknadane av vindkraftverk på fugl.

Florø 20200617. Arbeidet med å montere vindmøller pågår for fult på Guleslettene vindpark like ved Florø. Totalt skal det reises 47 vindmøller i dette området. Hvert tårn er 90 meter høyt. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Foto: Tore Meek/NTB scanpix