Hopp til innhold

Mann i 20-åra må i fengsel for overgrep mot born på Snapchat

Ein mann i 20-åra i bergensområdet er dømd i Hordaland tingrett for å ha fått barn mellom 14 og 16 år til å utføra handlingar som tilsvarar seksuell omgang med seg sjølve. Han skal også ha fått dei til å filma handlingane på Snapchat og betalt dei for dette. I tillegg er han dømd for å ha sendt bilete og video av seksuell karakter av seg sjølv til barn under 16 år.

Mannen sa seg skuldig i nokre av forholda han var tiltalt for. Rettssakskunnige har funne han tilrekneleg og han må no sona i fengsel i eitt år og seks månader. Han må også betala 80.000 kroner i oppreisingserstatning til kvar av dei fire fornærma.