Hopp til innhold

Maskert mann fekk bot for å slå ned Brann-supportar

Ein 19-årig Viking-supporter har fått ei bot på 16.000 kroner etter å ha slått til ein Brann-supporter.

19-åringen hadde på finlandshette då hendinga skjedde på toget på veg til eliteserieoppgjøret mellom Viking og Brann 14. april i Stavanger.

Ein gjeng med maskerte menn dundra på vindauget før dei gjekk inn til ein familie på toget, og tok frå Brann-skjerfet frå mannen. Då han ville ha det tilbake, fekk han eit slag mot tinningen.

Politiinspektør Kathrine Sæland Rotseth i Sør-Vest politidistrikt, seier dei ikkje godtek slik oppførsel.