Hopp til innhold

Melding om røyk frå lagerlokale i Laksevåg

Politiet har fått melding om det siv ut røyk frå bygning i Vågsgaten i Laksevåg. Klokka 12.07 opplyser politiet at dei er framme på staden. Det siv ut svart røyk frå eit møne i eit lagerlokale. Bygget er av betong og det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygg, ifølge politiet. 110 Vest stadfesta klokka 12.16 at det er røyk frå tak på bygg. Litt over klokka 12.30 meller 110 Vest at brannen er under kontroll. Det har vore vedfyring i ein omn som har spreidd seg. Brannvesenet blir på staden utover søndag ettermiddag.