Hopp til innhold

Mistenkjer fleire menn for rattfyll i natt

Ein mann i 60- åra blei i natt teken med til blodprøvetaking fordi politiet mistenkjer han var full bak rattet. Hendinga skjedde i Kvinnherad. Køyretøyet var avskilta og mangla mellom anna forsikring. I tillegg hadde ikkje mannen gyldig førarkort, melder Vest politidistrikt.

På Nordfjordeid blei ein mann i 20- åra stoppa, også han mistenkt for å vere rusa bak rattet. Det blir oppretta sak.