Hopp til innhold

Narkotikabeslaget på danskebåten: Årets største beslag

I slutten av februar blei to menn i 20-åra arresterte og fengsla då dei kom av danskebåten, fordi tollarane fann store menger narkotika. Politiadvokat Jørgen Henriksen seier i dag til BT at det dreier seg om ca. 46 kilo hasj, 20 kilo amfetamin og i underkant av seks kilo ecstasy, noko som er det største så langt i år.

– Det er snakk om eit svært betydeleg narkotikabeslag, og strafferamma for innførsel er høg, seier Henriksen til avisa, og viser til at strafferamma er inntil 15 år i fengsel.

Dei to sikta mennene er begge norske statsborgarar. Dei sit framleis i varetekt, stadfestar Henriksen til avisa. Ein av mennene sin forsvarar seier til BT at klienten ikkje erkjenner straffskuld. Den andre vil ikkje kommentera saka.

Danskebåten Fjordline mellom Bergen og Hirtshals ved Austevoll
Foto: Jon Bolstad / NRK