Nullutsleppskrav til passasjerskip i verdsarvfjordane
På vegner av Klima- og miljødepartementet har Sjøfartsdirektoratet i dag fastsett krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjar i verdsarvfjordane.
– Dette er eit viktig gjennombrot for verdsarvfjordane våre. Kravet om nullutslepp vil bidra til teknologiutvikling og lågare utslepp, og samtidig sikre dei spektakulære verdsarvfjordane som attraktive turistmål, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.