Hopp til innhold

Nytt avslag på lakseforsking i Masfjorden

Havforskingsinstituttet (HI) bør ikkje få lov til å setja ut såkalla genredigert laks i merdar i sjøen i Matre i Masfjorden. Det meiner Vitskapskomitéen for mat og miljø i ein uttale i dag.

Komitéen har vurdert saka to gonger, og har begge gongane kome til same resultat, sjølv om HI no har levert meir dokumentasjon.

Komitéen meiner miljørisikoen viss villaks blir steril er potensielt svært høg, sjølv om det er svært lite sannsynleg at forsøkslaks rømmer og spreier sterile gener.

Havforskingsinstituttet ønskjer å undersøkja korleis genetisk steril laks greier seg i sjøen. Målet med forskinga er å finna ei løysing for havbruksnæringa der rømt oppdrettslaks ikkje kan øydelegga genene til villaksstammene.

No skal Miljødirektoratet avgjera saka. Viss Havforskingsinstituttet får løyve, blir det første gong i verda at genredigert laks blir sett ut i eit naturleg havmiljø.