Hopp til innhold

Politibil under utrykking involvert i trafikkuhell

Politiet opplyser at det var eit trafikkuhell i Olav Kyrresgate i Bergen kl. 1945, der ein politibil og ein syklist var involvert. Politibilen var under utrykking. Syklisten blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, men har ifølgje politiet ikkje behov for vidare helseoppfølging. Spesialeininga for politisaker er orientert.