Hopp til innhold

Politiet fekk melding om inntrengar

Politiet fekk søndag føremiddag melding om ein mann i Fana som vart observert av meldar ved garasjeporten hans. Det er uklart om han tok med seg noko derfrå. Mannen forsvann frå området i retning bybanestoppen på Hop. Mannen bar på ein sekk eller bag og kanskje ein vedkubbe under arma, ifølge politiet. Politiet er på staden for nærare undersøkingar.