Hopp til innhold

Posten flyttar frå Bergen til Os

Posten vil bygge sitt nye logistikksenter for bergensregionen til Lyseparken Næringsområde i Bjørnafjorden, framfor å bygge det på Kokstad i Bergen. Det kjem fram i pressemeldingar frå Posten Bring og Bjørnafjorden kommune.

Anlegget skal vere ferdig hausten 2027, og erstatte dagens anlegg på Dokken og Minde i Bergen.

Bjørnafjorden-ordførar Terje Søviknes ønsker Posten velkommen til kommunen, og seier dei har jobba intens sidan i haust med å få avtalen på plass.

Høgre-politikar Chris Jørgen Rødland kallar det ei fallitterklæring for Bergen som næringsby, skriv BA.

Posten Bring har sidan 2016 har prøvd å få på plass eit rettskraftig reguleringsvedtak for Kokstad, men først denne veka kom eit positivt svar frå Statsforvaltaren.

Det skjer etter to klagerundar der Forum for natur og friluftsliv har prøvd å stanse vedtaket.

– Stadige utsettingar har skapt ein uføreseielegheit som ikkje er haldbar for oss. Ein heilskapsvurdering viser at Lyseparken står fram som mindre risikofylt, også framover, når det gjeld framdrift og ferdigstilling, seier Kenneth Tjønndal Pettersen, pressesjef i Posten Bring, til NRK.

Lyseparken i Bjørnafjorden
Foto: Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS