Hopp til innhold

Røykutvikling på vaskeriet til Haukeland

Røykdykkarar blei sendt inn i eit vaskeri i Jonas Lies vei i Bergen etter meldingar om svilukt og fleire brannalarmar som var utløyste onsdag morgon. – Røyken kom frå ein moppemaskin, seier fungerande vaktkommandør Morten Frantzen ved 110-sentralen. Brannvesenet har no ventilert ut røyken. Vaskeriet leverer tenester til Haukeland sjukehus.