Hopp til innhold

Sjåfør forsøkte å stikke av frå kontroll

Natt til søndag vart politiet gjort merksame på ein motorsyklist som oppførte seg mistenkeleg på ein parkeringsplass ved Krambua i Bergen. Sjåføren forsøkte å unndra seg kontroll, men patruljen klarte å stanse vedkomande, skriv politiet. Det viste seg at motorsykkelen var stelt og sjåføren var ruspåverka. Sikta er pågripen og det er teke beslag i førarkort. Sjåføren blir meld for fleire forhold.