Hopp til innhold

Stengd veg på grunn av havarert køyretøy i Gulen

Fylkesveg 602 er stengd mellom Instefjord og Rutledal i Gulen kommune.

Det har gått føre seg vegarbeid på utsida av tunnelen og eit av køyretøya brukt til arbeid har havarert i tunnelen.

Ein entreprenør slit med og få fjerna køyretøyet, og det er bestilt ytterlegare hjelp frå Bergen.

Det er forventa at vegen vil bli stengt fram til circa klokka 18.00.