Hopp til innhold

Sunnfjording tiltalt for overgrep mot barn

Ein mann i 40-åra frå Sunnfjord er tiltalt for fleire forhold som handlar om overgrep mot barn. Tiltalen vart først omtalt av Firda. Mannen skal mellom anna ha utført fysisk overgrep mot ei 14 år gamal jente på ein biltur. Han skal også ha utført seksuelt krenkande handlingar overfor fleire jenter under 16 år, ved at dei sende seksualiserte bilete av seg sjølve. Totalt er sju jenter fornærma, alle overgrepa skal ha skjedd i 2023 og 2024.