Hopp til innhold

To menn rana av ungdommar

Ein mann i 20- åra blei like etter midnatt forsøkt rana av to ungdommar i C. Sundts Gate i Bergen. Dei fekk ikkje med seg noko, skriv Vest politidistrikt. Fornærma såg at dei to personane hadde med seg kniv.

Kort tid etter hendinga blei ein mann på 19 år fråstolen ei jakke og litt pengar av dei same personane. Heller ikkje her blei kniven brukt til å truge med. Ei kvinne på 18 som var med 19- åringen, slapp unna.

Dei to mistenkte, som politiet meiner truleg er i alderen 17- 20 år, stakk av frå staden etter hendinga. Væpna politipatruljar leita etter dei, men ungdommane blei ikkje funne. Søket er no avslutta.

Politiet har avhøyrt dei fornærma og det blir oppretta sak.