Hopp til innhold

Trafikkdirigentar på Hardangervidda

Etter mykje trafikkaos på riksveg 7 Hardangervidda, har Statens vegvesen frå og med i dag sett inn trafikkdirigentar mellom Fagerheim og Haugastøl.

Bakgrunnen er trafikkaos i fleire dagar der bilar står parkert langs med vegen og gjer det vanskeleg for passerande trafikk.

Trafikkdirigentane skal styre trafikken og sikre møteplassar, samt hindre feilparkerte bilar, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dei ber folk om å reise kollektivt, eller rett og slett droppe skituren.

I mange år har det vore eit problem med feilparkerte bilar. Sjåføren kan risikere bøter og borttauing.

Trafikkaos på riksvei 7 Hardangervidda ved Dyranut
Foto: Skjermdump / Statens vegvesen