Trafikkuhell i Åsane
Tre bilar var involverte i ei trafikkulykke ved Vågsbotn i Bergen. Alle personane var ute av bilane og det skulle ikkje vere personskadar, melde politiet.
Naudetatane rykka ut til staden, og bergingsbil flytta bilane til ein parkeringsplass. Vegen opna opp igjen klokka 18.39.