Hopp til innhold

Tysk turgåar redda ned frå fjell i Bergen

Ein tysk kvinneleg turgåar blei like før klokka 23 henta ned frå Brattlandsfjellet i Fana i Bergen av mannskap frå brannvesenet. Kvinna hadde gått seg fast i det politiet omtalar som eit «veldig ulendt terreng» sørvest for Grimevatnet, og brannvesenet måtte bruka både drone og båt for å berga kvinna ned. – Kvinna er uskadd. Litt kald, men i god behold, opplyser politiet.