Hopp til innhold

Vy varslar buss for tog på fleire strekningar

Mellom Bergen–Voss jobbar Bane Nor på strekninga frå 22. april til 26. april mellom klokka 09.15 og 15.05. Vy varslar at det blir køyrd buss for tog medan arbeidet går føre seg. Bane Nor jobbar også på strekninga Bergen-Arna frå måndag 22. april til og med søndag 28. april mellom kl. 09:20 og 18:45. Også her blir det køyrd buss for tog medan arbeidet går føre seg.