Nyheter - Hordaland:

  • Tirsdag 21. mai kl. 14.09

    Kolltveittunnelen stengt grunnet gjenstander i vegbane

    Vegtrafikksentralen Vest skriver at Riksvei 555 Kolltveittunnelen i Øygarden er stengt grunnet gjenstander i vegbanen.

  • Mandag 20. mai kl. 14.09

    Varsel om stor skogbrannfare

    Meteorologisk institutt har sendt varsel om stor skogbrannfare (oransje nivå) i Vestland fylke og delar av Rogaland. Det er nest høgaste farenivå, og inneber at vegetasjon svært lett kan ta fyr og veldig store område kan bli ramma. – Ikkje bruk eld. Følg lokale myndigheiters instruksjonar, rår instituttet.

  • Søndag 21. april kl. 15.51

    Tre personer har kommet seg løs etter snøskred i Luster kommune

    Det er igangsatt en redningsaksjon etter melding om snøskred i Vetle Skagastølstindane i Luster kommune. Tre personer skal være tatt av skredet, opplyser politiet like før klokken 16. Noen minutter senere opplyser operasjonsleder Stein Rune Halleraker til NRK at de tre personene har kommet seg ut av raset. Han oppgir at de tre involverte er skadet, men at skadeomfanget er ukjent. Det var en av de involverte som selv meldte om skredet.

  • Fredag 19. april kl. 7.39

    Snø på fleire fjellovergangar

    På fleire av fjellovergangane i Vestland er det godt med snø fredag morgon. Webkamera til Statens vegvesen viser snø, både på Rv. 7 over Hardangervidda, E134 Haukelifjell og Seljestad og E16 Filefjell. Statsmeteorolog Haldis Berge seier til NRK at snøgrensa no er på rundt 300 meter. På Austlandet er det også snø i lågare område, og der åtvarar meteorologane mot sommardekk. April er ofte kalla ein «luremånad»

  • Mandag 15. april kl. 16.51

    Brann i sikringsskap i Tesdalen

    Naudetatane er på veg til Tesdalen i Voss etter melding om brann i ein einebustad. Det skal ha brunne i eit sikringsskap, men brannen skal vera sløkt, opplyser politiet. Det er ikkje meldt om skadde personar. Meldinga kom klokka 16.44, klokka 17.04 var brannvesenet på staden. Klokka 17.40 var naudetatane ferdige på staden. Det er ikkje meldt om personskade, og politiet opprettar sak.

  • Søndag 14. april kl. 14.07

    BA: Mann pågripen for valdtekt i Bergen

    Ein mann i 20-åra er sikta for valdtekt på ein utestad i Bergen natt til søndag, melder BA. Valdtekta skal ha skjedd på toalettet på ein utestad i Bergen sentrum. Den fornærma kvinna er i same alder. Det var ein vekter på utestaden som ringte politiet. Mannen blei pågripen og sit no i arresten. Det er ukjent kva relasjon den sikta og fornærma har til kvarandre. – Dei skal i kvart fall ha kjent til kvarandre, seier politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff til BT.

  • Fredag 12. april kl. 18.22

    «Kamelen» mista lappen for uaksom MC-køyring

    Marcus Kabelo Møll Mosele, kjend under artistnavnet Kamelen, mista onsdag kveld førarkortet. Han fortalde dette på Instagram fredag ettermiddag, melder BA. Politiadvokat Arne Fjellstad i Vest politidistrikt stadfestar dette til BT. Politiet vart varsla om påstått uaksom køyring på motorsykkel. Seinare på kvelden observerte ein polititilsett som hadde fri, det same i området Danmarks plass og Fjøsangerveien. Mosele samtykka ikkje i beslaget, så saka går til retten. Han har bede advokaten sin, Jørgen Riple, å ikkje kommentera saka. Det er ifølge Fjellstad ikkje mistanke om rus knytt til beslaget.

  • Onsdag 3. april kl. 19.07

    Narkotikabeslaget på danskebåten: Årets største så langt

    I slutten av februar blei to menn i 20-åra arresterte og fengsla då dei kom av danskebåten, fordi tollarane fann store menger narkotika. Politiadvokat Jørgen Henriksen seier i dag til BT at det dreier seg om ca. 46 kilo hasj, 20 kilo amfetamin og i underkant av seks kilo ecstasy. – Det er snakk om eit svært betydeleg narkotikabeslag, og strafferamma for innførsel er høg, seier Henriksen til avisa, og viser til at strafferamma er inntil 15 år i fengsel. Dei to sikta mennene er begge norske statsborgarar. Dei sit framleis i varetekt, stadfestar Henriksen til avisa. Ein av mennene sin forsvarar seier til BT at klienten ikkje erkjenner straffskuld. Den andre vil ikkje kommentera saka.

  • Tirsdag 2. april kl. 21.23

    E39 Breisvortunnelen open igjen

    E39 Breisvortunnelen mellom Kjøs og Nordfjordeid er open igjen for fri ferdsel, etter at det hamna steinar i vegbana. Entreprenør har ein liftbil på veg, og det vil bli kort stenging seinare tysdag kveld når tunneltaket skal inspiserast.

  • Mandag 1. april kl. 10.36

    Fremdeles usikkert for Bergensbanen

    Pressevakt i Bane Nor, Gunnar Børseth, melder om at det fremdeles er usikkert om når Bergensbanen kan ha vanlig drift. – En del av arbeidet begynner å ferdigstilles, men alt er ikke ferdig. Vi jobber videre på stedet. Toget er fjernet, men vi holder på å jobbe med infrastrukturen, sier Børseth til NRK. Det har vært buss for tog deler av strekningen på Bergensbanen, etter skader som oppsto fredag 22. mars. Da kjørte et godstog på rødt lys ved Arna stasjon og det ble av sikkerhetshensyn gjort en tvungen avsporing, som skapte skader på banens infrastruktur. To personer er siktet i saken. Det er satt inn buss for følgende strekninger: – Lokaltog i retning Voss eller Myrdal: Buss mellom Bergen og Dale. – Regiontog retning Oslo: Buss mellom Bergen og Voss. Kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, melder at det kan være forsinkelser på mellom 20 og 45 minutter, og oppfordrer til å møte i god tid. – Vi forstår at det er frustrerende og anerkjenner følelsene, men ikke la det gå utover våre ansatte. De er like lite skyldig som deg som reisende for denne situasjonen, sier Christoffersen.