Nyheter - Sogn og Fjordane:

  • I dag kl. 20.03

    Bø går for to VM-gull

    Tarjei Bø har lagt ein nøyaktig slagplan som skal føre til suksess under VM i skiskyting i Rühpholding om ei drøy veke.

  • I dag kl. 19.39

    Semitrailer stod fast på E39

    Ein spesialtransport som ikkje var skodd for føret fekk problem på E39 i Halbrendslia. Det har ført til reine trafikkaoset i svingane opp frå Førde.

  • I dag kl. 18.32

    Tilbake etter fire år med sjukdom

    Alpinisten Karoline Søvik Myklebust (21) frå Nordfjordeid er endeleg tilbake i alpinsirkuset etter kyssesjuke og brot i aksla. I dag tok ho andreplass under FIS-rennet i alpint i Jølster skisenter.

  • I dag kl. 16.10

    Norled ber Gulating sjå på ankesak

    Norled AS, tidlegare Tide Sjø AS, ber Gulating lagmannsrett ta opp att ankesaka frå 2009, etter at denne vart utsett i 2010.

  • I dag kl. 15.54

    Skredkurs for ungdom

    – Mange som ferdast på fjellet og køyrer i laussnøen i bratte fjellsider har ikkje den kunnskapen som trengst til å vurdera om det er trygt eller ikkje, seier Sigve Opedal.

  • I dag kl. 15.14

    Har laga moderne åkle

    Maria Juklestad frå Jølster ynskjer no å innta heimane til folk med åkleet ho har skapt i moderne materialbruk og mønsteroppbygging.

  • I dag kl. 13.37

    Opplysningen 1881 legg ned i Lærdal

    Styret i Opplysningen 1881 AS har bestemt seg for å leggje ned selskapet si avdeling i Lærdal. 28 tilsette mister no jobben.

  • I dag kl. 13.12

    Slik kan Strynefjellet stette krava

    Redusert fartsgrense og utbetring for 400 millionar kroner, er alt som skal til for at strynefjellstunnelane oppfyller EU sine tryggleikskrav.

  • I dag kl. 12.33

    Sjeldan ugle levde i eit halvt døgn

    Henrik Jordalen fann sjeldan spurveugle i Vik laurdag. Dessverre overlevde den berre eit halvt døgn.

  • I dag kl. 12.22

    No er dei fleste fjella stengde

    Uvêr fører til stenging og kolonnekøyring på dei fleste fjellovergangane i fylket.

  • I dag kl. 11.58

    Ho skulle aldri høyrt på kollegaen

    Då den unge sunnfjordkvinna ikkje fekk seld bilen sin, lytta ho til dårlege råd frå kollegaen.

  • I dag kl. 11.01

    Tok skrekken etter snøskredet

    Etter snøskredulukka i Aurlandsdalen i fjor, har ikkje Henning Hamnes boltra seg i laussnø i bratte fjellside. Skrekken sit framleis i.

  • I dag kl. 10.42

    Sesongen spolert for Solheim

    Ikkje lenge før sesongstart for sin nye svenske klubb, gjekk Mats Solheim ned for teljing i treningskampen mot AIK.

  • I dag kl. 6.47

    Frårår fjorddeponi i Førdefjorden

    Det er knytt så mykje uvisse til følgjene at Havforskingsinstituttet frår fjorddeponi i samband med gruvedrifta i Engebøfjellet i Naustdal.

  • I dag kl. 6.44

    Ap mobiliserer for skipstunnel

    Arbeidarpartitoppar frå kyst-Norge startar ein offensiv i ege parti for å skaffe støtte for Stad skipstunnel.

  • Tirsdag 21. februar kl. 22.17

    Fotograferte frikøyring i storm

    Fotograf Vegard Breie tok med seg to av landets beste frikøyrarar, Åsmund Thoresen og Torgrim Vole. Det gav bilete som sjarmerte juryen og sikra 30.000 kroner i premiepengar.

  • Tirsdag 21. februar kl. 21.32

    "Queen Mary 2" til Olden 17.mai

    Kapteinen på «Queen Mary 2» var så nøgd med Olden som cruisehamn i 2010 at han vil gjenta suksessen i år. Og det på sjølvaste grunnlovsdagen.

  • Tirsdag 21. februar kl. 19.51

    Kongen får gåve frå kompis i Lærdal

    Thomas Hjermann i Lærdal har i mange år vore både kleppar og jaktkamerat for kong Harald. I 75-årspresang gav han kongen to par nye jaktstøvlar.

  • Tirsdag 21. februar kl. 18.28

    Bil på taket på E39

    E39 vart stengd mellom Svidal og Ålhus etter at politiet fann signalrakettar i ein forulykka bil. Då bilen lak drivstoff, frykta ein kva som kunne skje.

  • Tirsdag 21. februar kl. 17.26

    Klakegg utteken til VM

    Jan Roger Klakegg frå Jølster er utteken til VM i kjelkehockey på heimebane.

  • Tirsdag 21. februar kl. 15.08

    Vil leggje ned 150 postkontor

    Konsernsjef i Posten, Dag Mejdell ynskjer å droppe levering av post på laurdagar, leggje ned 150 postkontor og auke leveringstida på brev.

  • Tirsdag 21. februar kl. 15.03

    – Eit fylke med feite latsabbar?

    I dag, på feitetysdag, velta det inn med saker om at folk på bygda, særleg menn, er feitare og tyngre enn folk i byane. Vi elskar kaker og er på konstant jakt etter pølse med alt.

  • Tirsdag 21. februar kl. 14.00

    – Kakekultur gjer bygdafolket feite

    Treningsinstruktør Kari Jaquesson meiner kakekultur er ei av årsakene til at bygdefolket er overvektige i høve til byfolk.

  • Tirsdag 21. februar kl. 13.34

    – Føraren kan vere alvorleg skadd

    Politiet ber innstendig om at den eller dei som var i bilen som hamna på taket på Bulandet i natt, kontaktar lege. – Dei kan ha alvorlege skader etter ulukka.

  • Tirsdag 21. februar kl. 12.19

    Stryn vil ha Chelsea-prøvespelar

    Gambiske Ibra Jagne (27) prøvde seg i Chelsea. No kan spissen hamne i 3. divisjonsklubben Stryn.

  • Tirsdag 21. februar kl. 12.11

    – Folk må ut og stake stikkrenner

    NVE har sendt ut varsel om flaum for onsdag og torsdag. – Folk flest kan gjere mykje for å redusere skadane.

  • Tirsdag 21. februar kl. 10.43

    Strikkar for å få tida til å gå

    Dag etter dag sit 17 tilsette ved Nordfjord sjukehus i døgnberedskap, nesten utan arbeid. – Latterleg og deprimerande, seier dei tilsette.

  • Tirsdag 21. februar kl. 9.40

    Krev lengre rullebane på Haukåsen

    Sogneordførarane krev at rullebana på Sogndal lufthamn Haukåsen blir forlenga. Dette blir eit av dei viktigaste krava frå Sogn regionråd i tida framover.

  • Tirsdag 21. februar kl. 9.12

    Odd-Bjørn misbrukt på Facebook

    Odd-Bjørn Hjelmeset har 7729 «likes» på Facebook, men sjølv har han aldri vore registrert på nettstaden.

  • Tirsdag 21. februar kl. 9.11

    Sel livsfarlege hus over takst

    Sjølv om husa har så alvorlege feil at det er farleg å opphalde seg i dei, er folk villige til å betale over takst for å kjøpe dei.

  • Tirsdag 21. februar kl. 8.43

    Fann bil på taket midt i vegen

    Forbipasserande fekk seg ein liten støkk då dei tysdag morgon oppdaga ein bil som låg opp ned i vegen på Bulandet.

  • Tirsdag 21. februar kl. 7.39

    Distrikta er best på videomøter

    Bedrifter i storbyane er langt mindre flinke enn bedriftene i distrikta på å ha møte over video. Det overraskar kommunalministeren.

  • Tirsdag 21. februar kl. 6.58

    Styggevêr set preg på vegane

    Tidleg tysdag morgonvarr ti vegar i Sogn og Fjordane stengde på grunn av uvêr, ras og rasfare. I tillegg var fire andre vegar nattestengde og det var kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet.

  • Mandag 20. februar kl. 21.11

    Gir seg etter to periodar på tinget

    Sogn og Fjordane sin første Frp-politikar på Stortinget, Åge Starheim, takkar av etter to periodar.

  • Mandag 20. februar kl. 20.27

    Kranglar om søndagsopne butikkar

    Frank Willy Djuvik (Frp) meiner Handel og Kontor sin misnøye til søndagsopne butikkar er eit svik mot eigne medlemer.

  • Mandag 20. februar kl. 19.23

    Trur Fannemel kan ta medalje

    Onkel, og leiar i hoppkomiteen i Sogn og Fjordane, Gunnar Fannemel, trur Anders Fannemel (20) kan ta VM-medalje i verdas største hoppbakke, Vikersund.

  • Mandag 20. februar kl. 18.52

    No har snøskreda byrja å kome

    Meteorologane har åtvara mot dei. Allereie tidleg måndag ettermiddag vart dei første vegane stengde på grunn av snøskred.

  • Mandag 20. februar kl. 17.46

    Bensinen frå dyr til dyrare

    Måndag er det dyrt å fylle tanken. Statoils listepris for 95 oktan bensin er 14,98 kroner, og det er høgare enn nokon gong.

  • Mandag 20. februar kl. 16.18

    Fannemel fekk VM-billett

    Anders Fannemel (20) er klar for verdsmeisterskapen i skiflyging i Vikersund.

  • Mandag 20. februar kl. 15.53

    Skredfare stoggar Norges Cup

    Fjellsportfestivalen tek ingen sjansar med snøskredfaren. I ettermiddag bestemte dei seg for å avlyse frikøyringskonkurransen «Sogndal Freeride World tour Qualifier».